Myrglo

Kva er ein myrglo?

 

Har du møtt ein myrglo nokon gong? Om du har det er du heldig.

Det er bare dei veldig heldige som får auge på dei. Då er det helst på myrtuer i skogen eller seglande høgt på himmelen ein solfylt dag. Myrgloegg kan liggja i årtier før dei klekkast. Ei historie om korleis dei har fått namnet myrglo, er at det hender dei hostar gneistar, og dei blei tidlegare oppdaga på grunn av brennande myrtuer.

 

Myrgloen Slukhals og Heimkjær er eit rart par. Ingen av dei venta å komma inn i den andres liv. Men slik er det ofte, ein møter nye venner heilt utan å venta det.

Epiphany Bøker

Solbakken 3, N-5209 Os

www.epiphanyboker.no

 

Epiphany Bøker 2016 Copyright @ All Rights Reserved